NorskEnglishtysk

 

 

sidesideside

Kulturhistorisk gard ved Sognefjorden

 

Kroken gard ligg på sørsida av Lustrafjorden, inste armen av Sognefjorden.

 

Kulturhistorien og den flotte naturen er god grunn til å vitja oss. Kort avstand til dei mest kjende attraksjonane i Luster kommune, m.a. Urnes stavkyrkje og
Feigumsfossen. I nærområdet ligg Sognefjellet og nasjonalparkane Jostedalsbreen, Jotunheimen og Breheimen. Kroken gard er ein stille og
roleg stad.

 

Fylkesveg 331, «Den romantiske vegen», passerer like nedafor gardstunet. Her stoppar mange ved
vegkrysset vårt for å nyta den fantastiske utsikta og for å fotografera.

 

Frå gamalt av har Kroken hatt ry som ein av dei vakraste gardar  i  Sogn, ja kanskje i heile landet, skriv Claus Helberg i boka ”Lustrafjell”.

 

Johannes Flintoe: Ytre Kroken - 1819. 
Kaptein Munthe i speilbåten /kyrkjebåten. Truleg på veg frå Urnes stavkyrkje

Johannes Flintoe: Ytre Kroken - 1819.
Kaptein Munthe i speilbåten /kyrkjebåten.
På veg frå Urnes stavkyrkje?

Utsikt mot Sognefjorden og Ornes

Utsikt mot Sognefjorden og Ornes

 

 


Klikk i kartet under for å navigere i 360 graders oversiktsbilete


Vis større kart