Kulturhistorisk gard ved
Sognefjorden
Kroken gard ligg fint til i ytre del av bygda Kroken, Luster kommune i Sogn og Fjordane. Bygda er ei av 4 grender langs "Den romantiske vegen" på sørsida av Lustrafjorden, den inste armen av Sognefjorden.
Kroken gard ligg midt mellom Urnes stavkyrkje på den eine sida og Feigumfossen på den andre, berre 10 min. biltur kvar veg.
Vi tilbyr overnatting i gardshuset. Kroken gard ligg midt i eit særprega og sjeldan kulturlandskap og grensar til Sognefjorden. Vi har flott utsikt til fjorden og fjella rundt.


