NorskEnglishtysk

 

 

sidesidesideside

Aktivitetar og attraksjonar i nærleiken av Kroken gard

 

Urnes stavkyrkje
Den eldste stavkyrkja i landet. Er på Unesco si verdsarvliste. Garden Kroken hadde før i tida sin eigen sitjeplass som er utforma som eit bur fremst i Urnes stavkyrkje.
www.fortidsminneforeningen.no

 

Feigumfossen
Med 218 meter fritt fall er Feigumfossen eit av dei høgste fossefalla i Skandinavia. Merka tursti frå bilvegen. Ca. 1/2 times lett gange opp til utsiktspunkt.

 

Munthehuset
Munthehuset ligg på Kroken gard og var tidlegare hovedhuset på garden. Det gamle restaurerte herskapshuset er no overdrege til Stiftinga Munthehuset
www.munthehuset.no

 

Saftmuseet på Sørheim.
www.histos.no
www.lerum.no

 

Skjolden rafting
www.skjoldenrafting.no

 

Sognefjellet og Jotunheimen
nasjonalpark

Riksveg 55, kåra til nasjonal turistveg, er høgste fjell-overgang i Nord-Europa. Høgste punkt er 1434 moh.
www.turistveg.no

 

Jostedalsbreen nasjonalpark
www.jostedal.com

 

Turterreng i Kroken
Lette spaserturar eller meir krevjande turar i eit vakkert kulturlandskap i nærområdet rundt Kroken gard. Frå garden går sti til vårstølen Vassløysa (320 moh.), omlag 1 times tid fram og tilbake. Fin utsikt mot Sognefjorden frå stølsvollen. Herfrå går stien vidare til fjellstølen Sippelhaug (900 moh.), eller ein kan kryssa elva og gå nedatt på andre sida av Krokaelva.

 

Sykkelutleige

Vi leiger ut syklar til gjestene våre. Ta fine sykkelturar langs Sognefjorden, gjerne utover mot Urnes stavkyrkje på Ornes.


www.sorsida.no
www.turistforeningen.no/luster




 

Alleen til Kroken gard

Alleen til Kroken gard

Sippelhaug og litt av Sognefjorden

Sippelhaug og litt av Sognefjorden