Kroken gard
Historien og garden i dag
Adelssete og embetsmannsgard Landskapet rundt Kroken gard ligg som ei open historiebok. Her er gamle steingjerder, vegar og gravhaugar der ein har funne spor etter busetnad heilt attende til 400-talet e.Kr. Kroken var eit av dei mektigaste og rikaste adelsseta i landet frå 1500-talet og utover. I 1764 overtok Muntheætta garden og var i deira eige i 120 år. Munthehuset vart bygd i denne tida. Her vart møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst Norge sine fremste nasjonalromantiske kunstmålarar, m.a. Flintoe, I.C. Dahl, Tidemand og Gude.
Husstellskulen (no Munthehuset)
I 1884 vart embetsmannsgarden seld på auksjon. Hovedbruket vart kjøpt av lærar og kirkesanger Mons Kinsedal. Han tok namnet Kroken etter garden, slik skikken var. Frå 1897 leigde han ut det store hovedhuset (no overdrege til Stiftelsen Munthehuset) til Nordre Bergenhus Amtsjenteskule, og her heldt "jenteskulen i Kroken" til i 60 år. Sjølv flytta Mons Kroken og familien inn i eit av dei 5 stovehusa som hadde stått på garden då Muntheætta kom i 1764. Dette huset har seinare vorte påbygd og utvida 2 gonger, og her bur vi som no er 4. generasjon i Krokenfamilien.
Kroken gard i dag/utleige
Gjestedelen ligg i den eldste delen av huset. Originale møblar frå gamal tid. Her er mykje historie i veggene. Bygda Kroken var i tidlegare tider meir sentral då Sognefjorden var hoved-ferdselsåra her i indre Sogn. I dag er Kroken gard til vanleg ein stille og roleg stad. Folk seier vi bur i eit paradis! Ute i hagen er det god plass, og vi har eigen strandline. Nytt høvet og ta ein morgondukkert! Elles skin sola heilt fram til kl.22 midt på sommaren i klarver. Ta på fjellsko og gå stien oppover mot vårstølen eller vidare til fjells. Til dels bratt terreng, men endeleg oppe er turen vel verdt. På fjellstølen vår, Sippelhaug, kan du raste eller kanskje overnatte i selet? På garden driv vi mjølkeproduksjon, og dyra går heime på beite om sommaren. Hausten er tid for hjortejakt, reinsjakt og rypejakt i fjellet.


